Suste gjennom kontrollen i 113 km/t

Ein ung mann frå Sogn må ut med 10.200 kroner i bot og pådrog seg seks prikkar då han køyrde gjennom UP sin laserkontroll i 113 km/t.

Kontrollen fann stad på E39 på Ålhus torsdag.

Det vart delt ut eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte og ni forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.