Suste gjennom kontrollane i 137 og 129 km/t

To mannlege tenåringar frå Sunnfjord miste førarkortet etter å ha blitt stogga av UP i svært høg fart fredag og laurdag.

Fredag kveld stod Utrykkingspolitiet på E39 ved Skei. Ein ung sunnfjording køyrde 129 km/t i 80-sona og blei fråteken førarkortet på staden.

Laurdag kveld var UP-patruljen på plass i 80-sona på Rv5 på Tonheim.

Også der miste ein mannleg tenåring frå Sunnfjord lappen. Han køyrde i 137 km/t.

Ein annan tenåring køyrde i 115 km/t og fekk seks prikkar i førarkortet.

Det vart òg skrive ut seks forenkla førelegg.