Ole John Østenstad: Kommunedirektør Ole John Østenstad legg fram ein tertialrapport som syner at det kan gå mot ein budsjettsprekk på 50 millionar i år.

Stort overforbruk i Sunnfjord

Den første tertialrapporten til Sunnfjord kommune er klar. Den syner ei prognose som gir eit overforbruk i høve budsjett på 50 millionar for 2021

Avvika for dei mange ansvarsområda varierer mellom 50.000 og 6.5 millionar. Største overskridinga trur kommunedirektøren vil komme på ansvarsområdet butiltak for psykisk helse. Men her skriv han at det er vanskeleg å berekne årsresultatet så tidleg på året og at dei 6.5 millionane knyter seg til nye tiltak.

Men det er også andre sektorar med store overskridingar og mellom dei finn vi til dømes det som går på lønsharmonisering i organisasjonen. Der ligg det an til ei overskriding på 2.5 millionar. Når det gjeld skule og barnehage, så syner tertialrapporten at barnehagane ligg an til ei overskriding på 3.5 millionar, der 1.5 millionar skuldast eit ikkje budsjettert etterslep frå gamle Jølster kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

På skulane er overskridingane mindre, med til saman i overkant av ein million. Her ligg skulane i Jølster an til 100.000 i overskriding på Skei og 378.000 på Vassenden.

Også helse og omsorg

Helse- og omsorgssektoren har også sine utfordingar med til saman over 11 millionar i overskridingar på fire ansvarsområde. Det som går under bu og miljøteneste ligg an til den største sprekken, med fire millionar. Omsorgssentera kan få ei samla overskriding på i overkant av tre millionar, medan heimetenester og bu og avlasting styrer mot eit overforbruk på omlag to millionar kvar. Også legetenesta i kommunen ligg an til ei overskriding på rundt to millionar.

Årsaka til overskridingane i helse og omsorg, knyter seg i hovudsak til sjukefråvær og mykje vikarbruk. Legekontora har hatt mindre besøk grunna koronaviruset og dermed mindre inntening på turnuslegane. Direkte utgifter knytt til koronaepidemien kjem i tillegg.

Tertialrapporten syner også at det ligg an til sprekk på nesten fire millionar på det som har med vaksenopplæring og integrering av flyktningar å gjere. Grunnen skal vere høgare introduksjonsstønad enn budsjettert og høgare lønsutgifter.

Alt i alt ligg det an til overskridingar på 50 millionar, men det er tidleg på året og noko kan vel endre seg til nyttår.