Koronapandemien har ført til eit stort etterslep av straffesaker over heile landet. Her Bergen tingrett. Illustrasjonsfoto: Margunn Sundfjord/NPK.

Stort etterslep av straffesaker grunna pandemien

Koronapandemien har ført til eit stort etterslep i behandlinga av straffesaker over heile landet.

Då landet stengde ned i mars, vart tusenvis av planlagde straffesaker utsette. Mange av dei hadde allereie då lege lenge, skriv NRK.

I Vest politidistrikt valde leiinga å kontakte ein tidlegare tilsett. Ho har fått permisjon for å jobbe som vikarierande aktor i Bergen tingrett fram til februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgheim er tydeleg på at det å utsetje straffesaker har fleire uheldige konsekvensar.

– Det kan vere ei stor belastning både for dei fornærma og dei tiltalte som ventar på å få si sak avgjort. Eg er glad for å kunne hjelpe til med det, seier ho.

Tal frå Domstoladministrasjonen viser at det i utgangen av oktober var 3.920 ordinære straffesaker i Noreg som ikkje var behandla.

Samtidig avvikla domstolane 3.978 saker i perioden 1. august til 31. oktober. Det høge talet kjem av både færre innkomne saker og at det i haust er tilsett mange dommarar i mellombelse stillingar.

(©NPK)