Støre seier budsjettet er lagt – trur framleis på løysing
SV og MDG nektar å støtte forslaget til statsbudsjett. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) lovar ny dialog i dagane som kjem.
– No skal vi snakke godt saman. Eg har tid og respekt for politiske samtalar. Nei, det er ikkje krise no, seier Støre til NRK og TV 2 på veg inn på ein konferanse med Unio på Sundvolden Hotel måndag ettermiddag.
Laurdag landa Arbeidarpartiet ein mindretalsavtale med Senterpartiet og Raudt. Men utan SV og MDG manglar Støre fleirtal for budsjettet når det skal stemmast over på Stortinget fredag.
– Humøret er veldig bra. Vi har god kontakt, og målet mitt er å få til ei løysing slik at landet får eit budsjett, seier Støre.
– Det er ikkje aktuelt
– Tenkjer du no mykje på å stille kabinettsspørsmål?
– Eg er ikkje der. Eg er på måndag i ei veke der det er mange timar framover.
På spørsmål frå TV 2 om det er aktuelt å opne forhandlingane igjen og endre på budsjettforslaget, svarer Støre nei.
– Det ligg til votering på fredag, så det er ikkje aktuelt.
Opnar for «signal» til regjeringa
Statsministeren avviser overfor VG å flytte pengar i budsjettforslaget, men lovar nye samtalar. Han opnar også for å bruke såkalla tekstforslag – politiske føringar som ikkje endrar budsjettet, men som gir signal til regjeringa.
– Politikk handlar om ein heilskap, der statsbudsjettet primært handlar om fordeling av pengane staten bruker. Men politikk handlar om meir, og det handlar jo nettopp om tryggleik, seier han til VG.
MDG krev ein plan for innstrammingar i oljeleitinga og meiner budsjettet aukar klimautsleppa. SV-leiar Kirsti Bergstø har åtvara mot konsekvensane for det raudgrøne samarbeidet dei neste fire åra viss mindretalsbudsjettet blir lagt fram.