Dronning Sonja og rektor Hallgeir Hansen avdukar «Vekst» som er ein del av Dronning Sonjas skulepris.

Stor stas då Firda fekk skuleprisen

Dronning Sonja overrekte sjølv prisen i kultursalen tysdag.



Dronninga var imponert over det ho hadde sett på skulen etter å ha møtt elevar og lærarar på ulike avdelingar på skulen, og var ikkje i tvil om at prisen hadde gått til ein skule som var den verdig. Ho peikte særleg på utdanninga av minoritetsspråklege vaksne til helsefagarbeidarar, men hadde sett eit samhald og arbeid på skulen som ho meinte burde vere til inspirasjon og etterfølging.

Imponert over arbeidet til tilsette og elevar var også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og prisen sin juryleiar Inga Bostad.

– Eg har vore her før, og med det eg har sett i dag er eg endå meir trygg på at vi har gitt prisen til rett skule, sa Bostad.

Prisen er eit diplom, ein pengepremie på 250.000 kroner og eit trykk med tittelen «Veks» laga dronning Sonja sjølv.