Søk på Finn etter feriehus i Arendal har hatt ein kraftig auke samanlikna med i fjor. Her ser vi fjordidyll ved strandkanten på Tromøy i Arendal. Arkivfoto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

Stor interesse for norske feriebustader

Søk etter feriehus i Noreg har auka kraftig. Det kan tyde på at nordmenn har gitt opp håpet om utanlandsferie.

– Det er rett og slett heilt vilt med søk på feriehus no for tida, seier Terje Berge, kommersiell direktør i Finn reise, til NRK.

Han rår folk om å begynne å sjekke kva som er ledig så fort som mogleg, dersom ein har planar om å leige feriehus i vinterferien og påska.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange søker på sommardestinasjonar som Hvaler, Kragerø og Arendal. Når det gjeld Arendal, har talet søk gått opp med 350 prosent samanlikna med året før.

– Vi ser såpass mange søk på sommaren at ein kan begynne å spekulere litt i om nordmenn allereie no ser for seg sommarferien i Noreg, seier Berge.

Det er òg mange søk på vinterdestinasjonar. Hemsedal ligg på andreplass på lista over søkeord brukarar av Finn reise har søkt på.

(©NPK)