Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Stor fare for postsvindel i førjulstida

Postnord og Posten åtvarar mot svindlarar som vil lure deg når du skal hente pakkar på posten.

Mange nordmenn har opplevd å få falske e-postar frå både Posten og Postnord om at for å hente ein pakke må du betale ein viss sum og trykkje på ein link i e-posten.

– Det er mange som ventar på ein pakke no. Då er det nok dessverre slik at svindelen treffer nokon der ute, seier pressesjef i Posten, Kenneth Tjønndal Pettersen til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier posten ikkje sender slike oppkrav på e-post. No er han bekymra for at det har vore ekstra mykje slik svindel i år, og at svindlarane blir meir profesjonelle.

Ifølgje NRK har Vest politidistrikt fått tips frå fleire som har fått falske e-postar frå post- og pakkeleverandørar. Dei åtvarar no mot høgsesong for svindlarar.

(©NPK)