Kristian Møll. Arkivfoto.

STIL skal i aksjon i kveld

Skal 4. divisjon i 2019 vere noko som helst tema, må Sandane slå Fjøra 2/Sogndal 3 heime i Sandane Idrettspark i kveld.

Sognelaget ligg tredje sist på 5. divisjonstabellen, men har fått eit oppsving og vunne tre av dei fire siste kampane.

– Dei ønskjer å ha laget sitt i 5., ikkje i 6. divisjon, og har forsterka for å halde seg. Det er eit lag vi skal slå, men dei har vore utruleg sterke i haust, seier STIL-trenar Torbjørn Gran.

Mads Wie er framleis skada og ute av spel resten av sesongen. Det same er Eirik Rauset som var på veg tilbake etter eit beinbrot.

– Han hadde vore på eit par økter og var speleklar, men så fekk han kyssesjuka. Han har vore veldig uheldig dei siste to åra. Sebastian Haugen slit med ein strekk og blir heller ikkje klar. Filip Pleym Mardal fekk ei stempling og ei vriding i kneet mot Syril, men eg reknar med han spelar, seier Gran som håpar på litt hjelp frå opprykksrivalane Syril og Høyang sine motstandarar i sesonginnspurten.

Syril møter Selje i Selje søndag, medan Høyang spelar heime mot Anga måndag.