Stengjer tunnelen under opninga

Onsdag 9. november blir Rv 5 Kjøsnestunnelen stengt mellom kl. 12.00 og 13.00 i samband med opningsseremoni og snorklypping.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir styrt trafikkavvikling med leiebil fram til kl. 09.00, deretter fri ferdsel mellom kl. 09.00 og kl. 12.00.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir fri ferdsel etter at opningsseremonien er avslutta, kring kl. 13.00.