Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, ønskjer ikkje oppløysing av Vestland. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Sp-politikarar er usamde om oppsplitting av Vestland

Ei fersk meiningsmåling syner eit klart folkefleirtal for å oppløyse Vestland fylke. Men Senterparti-politikarane i Vestland er usamde i spørsmålet om storfylket skal løysast opp eller ikkje.

I ei ny meiningsmåling gjort av InFact på oppdrag frå Lokalsamfunnsforeininga opplyser 63,5 prosent av dei spurde i tidlegare Sogn og Fjordane at dei vil løyse opp det nye storfylket.

Tidlegare fylkesordførar Jenny Følling er ikkje samd med folkefleirtalet i det gamle fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Omkampar er alltid skadeleg, seier tidlegare ho til NRK.

Noverande fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, vil ikkje spekulere i om det blir omkamp om storfylket.

– Kva Stortinget kjem til å meine om Vestland fylke etter stortingsvalet til hausten, vil eg ikkje spekulere i, seier han til NRK.

Blant dei som er tydeleg for ei oppløysing, er noverande leiar i Sp Trygve Slagsvold Vedum og tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

– Følling og eg har vore usamde i denne saka heile tida, seier Navarsete til rikskringkastaren.

Tidlegare Sp-leiar og stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete ser gjerne at det blir omkamp om storfylket i vest. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

I Hordaland er folk generelt meir positive til å behalde storfylket. Her svarer 38,9 prosent av dei spurde at dei ønskjer oppløysing. 37,4 prosent ønskjer vidareføring av storfylket.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, vil ikkje spekulere i kva Stortinget vil meine om Vestland fylke etter valet i haust. Foto: Anne Sigrid Hundere/NPK.