Statsminister Erna Solberg heldt pressekonferanse om koronasituasjonen fredag. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Solberg om vaksinar: – Vi må alle leve med uvissa

Dersom alt går som regjeringa håpar, vil ein koronavaksine kunne godkjennast før jul, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Når han kjem, veit vi ikkje. Førebels er ingen vaksine godkjent, sa Solberg på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen i Noreg fredag.

Der informerte ho mellom anna om status for koronavaksine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire vaksinekandidatar er i siste fase av utprøving. Vi håpar at ein vaksine kan godkjennast rundt juletider. Dersom alt går som vi håpar, vil Noreg få tildelt vaksinedosar første halvdel av 2021, sa Solberg.

– Men det kan òg hende at det tek lengre tid å lage ein vaksine. Vi må alle leve med denne uvissa.

Statsministeren fortalde at Noreg samarbeider tett med EU for å sikre vaksinar til Noreg, og når ein koronavaksine blir godkjend i Noreg, vil han vere godkjent av legemiddelstyresmaktene både i EU og i Noreg.

(©NPK)