Høgskulen på Vestlandet avd. Sogndal håpar universitetsstatus skal snu utviklinga i søkartala.

Sogndal fryktar svikt i studentrekrutteringa

Fallande søkjartal til Høgskulen på Vestlandet skaper uro ved campus Sogndal.

Publisert

Dekan Jens Kristian Fosse seier utviklinga blir merka langt utover sjølve skulen, skriv Sogn Avis.

HVL arbeider no med å styrkja dei ulike campusane sine faglege profilar for å gjera studiestadene meir attraktive. Fosse meiner høgskulen må bli tydelegare på kva som skil campusane frå kvarandre, og at dette skal brukast meir aktivt i marknadsføringa framover.

– Nedgang i søkjartala våre er alltid ei stor bekymring hjå oss, seier Fosse til Sogn Avis.

Han peikar særleg på at lærarutdanningane, som lenge har vore viktige for Sogndal, har opplevd ein varig nedgang. Samstundes meiner han det tek tid å byggja opp heilt nye studietilbod, og at ein difor må utvikla dei eksisterande programma i takt med behova i arbeidslivet.

Fosse håpar òg at universitetsstatus for HVL vil bidra til å styrkja rekrutteringa til campus Sogndal.

– Eg håpar at kombinasjonen av kvalitet, campusprofil og universitet vil gje rekrutteringseffektar, seier han. (©NPK)

Powered by Labrador CMS