Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Slutt på praktisk prøve for å bli drosjesjåfør

I eit håp om å rekruttere fleire drosjesjåførar i distrikta, avviklar no regjeringa kravet om praktisk prøve for personar som søkjer om køyresetel for drosje.

– Vi ser at drosjenæringa i distrikta slit med rekrutteringa, og regjeringa ønskjer å bidra til auka rekruttering. Sjølv om det sannsynlegvis er fleire grunnar til at færre veljar dette yrket i distrikta, kan vi ikkje utelukke at prøvekrava kan spele ei rolle. Derfor avviklar vi no kravet om praktisk drosjesjåførprøve, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.