LO-leiar Kine Asper Vistnes vil leggja om AFP-ordninga. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Slik vil LO endre pensjonsordninga

Fleire skal få tilgang til pensjonsordninga AFP, og ein skal ikkje lenger risikere å miste rettar heilt på oppløpssida, ifølgje eit forslag som LO har samla seg om.

Publisert Sist oppdatert

Avtalefesta pensjon (AFP) har vore eit stridstema internt i LO i årevis, men no står alle forbunda saman om grunntrekka i ein ny modell.

– For LO er målet at langt fleire enn i dag skal sikrast ein ekstrapensjon gjennom ei ny og betre AFP-ordning, seier LO-leiar Kine Asper Vistnes.

Vil fjerna AFP-fella

Svakheita med dagens ordning er at det er alt eller ingenting, på folkemunne gjerne omtalt som «AFP-fella». Mistar du jobben eller blir sjuk rett før du fyller 62 år, mistar du retten til pensjonsordninga. Det kan gjelda folk som mistar jobben, blir sjuke eller jobbar i ei bedrift som går konkurs.

Denne uvissa vil LO fjerne, understrekar Vistnes.

– Dagens ordning gir anten full utteljing eller null utbetaling. Det har store konsekvensar sidan AFP-utbetalingane kan utgjera rundt 75.000 kroner årleg – resten av livet. Til saman kan AFP-utbetalinga gjennom livet bli 1,5–2 millionar kroner, seier ho.

To millionar arbeidstakarar

LO-sjefen presenterte endringsforslaga onsdag. Fleire skal få rett til pensjonen, og færre skal risikera å mista AFP-en uforskyldt, forklarer Vistnes.

Den nye ordninga kan komma til å gjelda for rundt to millionar arbeidstakarar i offentleg og privat sektor, skriv Fri Fagbevegelse.

Hovudtrekka i den nye planen:

* Kvart år tel. For unge vil det bli ei ordning der du tener opp pensjon for kvart år du jobbar i ei bedrift med tariffavtale.

* Dei over 50 år held fram med dagens reglar. Slik skal ein sørgja for at dei med kort tid igjen til AFP-alderen på 62 år, ikkje mistar nokon rettar.

* Denne gruppa får dessutan ein ekstra sjanse til å få AFP om dei ikkje kvalifiserer seg etter dagens reglar.

* Ei overgangsordning for dei under 50, men som har kortare tid til å tena opp år i den nye ordninga. Den baserer seg på kor mange år du har i ei bedrift med tariffavtale av dei åra som er igjen til 62 år, og dette dannar grunnlaget for ein brøk.

* Sikring for uføre: Blir du ufør, skal du likevel få med deg AFP-oppteninga du hadde fram til du vart sjuk. Denne skal kunna utbetalast i tillegg til pensjonen frå 67 år.

Startar sonderingar med NHO

Om LO får gjennomslag for forslaget, står vi overfor den største omlegginga av AFP-ordninga sidan 2011.

Det var LO og NHO som først etablerte AFP-ordninga, som seinare vart utvida til ei rekke bransjar og offentleg sektor.

På sikt vil tre gonger så mange få utbetalt AFP med den nye modellen som i dag, viser berekningar Statistisk sentralbyrå har gjort. NHO er oppteken av at ei ny ordning ikkje skal medføra auka kostnader for bedriftene.

– No skal vi i forhandlingar med NHO, der også kostnadene skal vurderast, seier Vistnes til VG.

I forslaget skriv LO at kostnadene ved AFP alltid vil vera eit dilemma. Ein betre AFP vil auka kostnadene for arbeidsgivarane og gjera prisen for å inngå tariffavtale høgare. Den balansen må vi ha med oss heile vegen, skriv LO.

Forslaget skal no diskuterast og forankrast hos LO-forbunda. Det blir høve til å spela inn kva ein prioriterer, men det blir ikkje opna for omkamp om sjølve modellen.

Samtidig startar LO og NHO uformelle sonderingar. I februar neste år skal representantskapet i LO spikra dei endelege krava, og AFP blir deretter tema i forhandlingane i lønnsoppgjeret til våren. (©NPK)

Powered by Labrador CMS