Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.

Slik får du julematen til å vare

For å få tradisjonsmaten til å vare etter julekvelden, bør du tenkje på korleis du tek vare på maten.


Uansett om du hiv deg over ein tallerken med pinnekjøtt, torsk eller ribbe på julaftan, er det nokre små grep du kan gjere for å få maten til å vare til godt inn i det neste året.


Når gjestene har drege heim og lysa er sløkte held julematen seg i underkant av éi veke. Men det føreset at du held maten ordentleg nedkjølt i mellomtida.


– Julematen toler berre å stå i romtemperatur i rundt fire-fem timar, seier matrådgivar Bjørn Tore Teigen i Matprat, som er kommunikasjonskonseptet til Opplysningskontoret for egg og kjøtt.


Maten bør derfor setjast i kjøleskapet med éin gong etter siste servering, som helst skal halde ein temperatur på rundt fire grader eller lågare.


– Maten held seg i kjøleskap i rundt fem dagar. Du bør derfor ete opp maten før nyttårssaftan, seier Teigen.



Heng ut

Teigen er samtidig oppteken av at maten ikkje bør setjast inn i kjøleskap om den framleis er varm.


– Hald handa over maten og kjenn at han held romtemperatur før du set han til kjøling.


Grunnen er at oppvarma mat vil varme opp og øydeleggje dei andre produkta i kjøleskapet.


Teigen har òg eit anna stalltips til dei som har fulle kjøleskap i jula. Han oppfordrar til å setje drikkevarene ut på ein terrasse eller veranda. Dei som bur i blokkleilegheit kan henge drikkevarene ut frå vindauget i ein bag eller i eit nett, meiner han.


– Det er ikkje så fin pynt, men då får du meir plass til å ta vare på all den gode maten, ler han.



Frys ned

Dersom det freistar å spare eit ribbestykke til litt ut i januar, er matrådgjevaren klar på kva du bør gjere.


– Viss du allereie no veit at du ikkje kjem til å ete opp restane dei komande dagane, bør du fryse ned maten så fort som mogleg. Då held maten lengre når du finn han fram igjen, seier han.


Maten held seg i inntil tre månader etter at den er nedfrosen.


– Det er ingen grunn til å ha maten liggjande lenger. Posar som inneheld snø eller iskrystall tek eigensmaken til produktet.


Bakteriar trivst best i temperaturar mellom 20 og 40 grader, men klarer seg ikkje når maten blir varma opp til 70 grader. Restemat bør derfor bli varma opp skikkeleg før servering, er rådet frå Mattilsynet. (©NPK)