Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Slik blir koronareglane frå laurdag

Regjeringa offentleggjorde fredag nye reglar som gjeld frå laurdag 25. september klokka 16.

* Alle restriksjonar innanlands blir fjerna, med unntak av kravet om å gå i isolasjon viss ein er sjuk med covid-19.

* Kravet om å halde éin meters avstand til andre enn dei ein bur saman med, blir oppheva.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Avgrensingane på kor mange som kan vere saman på arrangement blir oppheva.

* Det er slutt på krav om bordservering og innsleppsstopp klokka 24 på serveringsstader.

* Det blir tilrådd at uvaksinerte som bur saman med ein som har vorte smitta, testar seg eller går i karantene. Det gjeld uavhengig av om ein får symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test.

(©NPK)