Norske skular kan bli mobilfrie allereie over nyår, ifølgje kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Skulane kan bli mobilfrie allereie over nyttår

Allereie om to–tre månader kan dei norske skulane vere mobilfrie, opplyser kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK.

Fredag skreiv Dagbladet at Nordtun har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle ei tydeleg tilråding til norske skular for å unngå mobilbruk.

I første omgang er det ikkje snakk om eit forbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil ta for lang tid å få på plass eit forbod. Å gi ei tydeleg tilråding kan gjerast langt raskare. Inntil to–tre månader er målet, seier ho til NRK.

Kari Nessa Nordtun peikar på at mobilen påverkar dei faglege resultats negativt og fører til utanforskap og mobbing. Her er ho fotografert på Slottsplassen etter at ho blei utnemnd til ny kunnskapsminister etter Tonje Brenna 16. oktober. Foto: Emilie Holtet/NTB/NPK.

Den ferske kunnskapsministeren peikar på at mobilen påverkar dei faglege resultata negativt og fører til utanforskap og mobbing.

– Målet er at vi får bukt med dette og ser på restriksjonar knytt til mobilbruken i skulekvardagen, seier ho.

Det er i dag opp til kvar enkelt kommune og skule å avgjere om dei ønskjer å regulere mobilbruken for elevane sine og korleis det i praksis skal gjennomførast. Mange kommunar har allereie ei form for regulering, men det er stor variasjon i korleis dette blir gjort. (©NPK)