Skogbrann i Vestby i Viken tysdag denne veka. No aukar skogbrannfaren også på Vestlandet. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Skogbrannfaren aukar på Vestlandet

Tørken held fram, og skogbrannfaren er stor. I fleire område på Vestlandet aukar faren frå gult til oransje nivå.

Ytre delar av Vestlandet sør for Stad blir inkludert i oransje farenivå for skogbrann, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Frå før er det oransje nivå på heile Austlandet, i Agder og Sør-Rogaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje meteorologane er vegetasjonen svært lett lettenneleg, og store område kan bli ramma. Tilrådingane er å vere varsamt med open eld, og å følgje instruksjonane til dei lokale styresmaktene.

I Oslo innfører kommunen mellombels forbod mot bruk av eld i skog og mark frå torsdag. Det blir forbode med bål i Oslo på jonsokaftan og med eingongsgrill i parkar, men det er lov å grille i hagen.

(©NPK)