Enkelte stader kan klimaendringane korte ned skisesongen med tre månader, varslar klimaforskar. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Skisesongen kan bli langt kortare grunna klimaendringar

Enkelte stader kan klimaendringane korte ned skisesongen med tre månader, varslar klimaforskar.

– Dei største endringane blir berekna for Vestlandet, der vintertemperaturen ligg nær null grader no, slik at det skal lite til å vippe temperaturen over frå minusgrader til plussgrader, seier hydrolog Irene Brox Nilsen til NRK.

Utrekningar frå NVE tyder på at det mot slutten av dette hundreåret framleis vil vere snø å finne i fjellet. Ein må likevel reise lenger opp i høgda – i Sør-Noreg trekkjer snøgrensa seg opp til rundt 600–800 meter over havet.