Skal brenne ned hus

Publisert Sist oppdatert

Gloppen brann og redning skal gjennomføre ei varm røykdykkarøving i Ryssfjærevegen  måndag 28. september.  

Eit eldre bustadhus på Rye som har stått tomt i mange tiår skal brennast ned. 

Som følgje av øvinga blir Ryssfjærevegen stengd nokre timar i ettermiddag. 

- Det er gull for oss å ha slike objekt å øve på. Det blir gjentekne slokkeøvingar for røykdykkarane før nedbrenninga startar i 16-tida, fortel brann- og beredskapssjef Kjell Aske i Gloppen kommune. 

Det er meldt om lite vind og såleis gunstige vêrforhold for nedbrenning i ettermiddag og kveld. 

Huset er miljøsanert, men ein må ta hensyn til røyk i området.

Powered by Labrador CMS