Skadeverk på Sandane

Skjærtorsdag ettermiddag vart meldt om skadeverk på eit calling-anlegg i Sandane sentrum. Skadeverket skal ha skjedd i løpet av natt til torsdag, melder politiet.

I Øvre Årdal vart det meldt om ein eksplosjon i ein omn ved Hydro Aluminium torsdag kveld. Området vart evakuert. Noko seinare kunne alarmmeldingsssentralen melde at brannen var under kontroll, og at både brannvesen og ambulanse hadde trekt seg ut. Ingen personskader.

Det var sett i gang ein redningsaksjon med politi og Røde Kors til Frudalshesten i Sogndal torsdag ettermiddag då to personar melde at dei hadde gått seg skårfaste på skitur. Det var tett tåke i området. Kort etter letta tåka så pass at dei to kom ned for eiga hjelp, og Røde Kors kunne snu. Politiet tok i mot skiløparane, konstaterte at dei var i fin form, og sende dei heim.

I to-tida natt til fredag måtte ein rusa mann i 40-åra hjelpast ut frå ein utestad og sedast heim av politiet etter at han sjølv nekta å forlate plassen.

Eit par timar seinare heldt politiet promillekontroll ved Havhesten i Florø. Ni kontrollerte - alt ok.


 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.