– Dette kom svært overraskande på oss og var også litt overveldande. Samtidig er det heilt fantastisk å bli heidra på ein slik måte, seier Sjur Åge Gimmestad og Svein Kristiansen.

Sjur Åge og Svein er nye æresmedlemmer

Sjur Åge Gimmestad og Svein Kristiansen vart tildelt æresmedlemskap i Sandane turn- og idrettslag under STIL fotball sin 100-årsfest fredag kveld.

Det var leiar i idrettslaget, Anders Gimmestad Gule, som overraska dei to karane med å tildele dei æresprisen.

– Blir betre borgarar

Aller først heldt han ei lita tale. Han viste til at fotballgruppa er den største gruppa i STIL med omsyn til både tal utøvarar, støtteapparat og økonomi, samt at denne gruppa har bidrege sterkt til utviklinga av hovudlaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er sikker på at idretten på eitt eller anna vis gjer oss til betre samfunnsborgarar. I kveld har vi høve til å markere det. Gje kvarandre ros, og anerkjenn den innsatsen sidemannen gjer. Alt arbeid tel positivt i den store samanhengen. Og når vi er inne på dette med innsats og utvikling, er det på sin plass at STIL ser litt i bakspegelen, sa han.

Ei sentral drivkraft

Leiaren fortalde at han ønskte å heidra eit par personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for STIL.

– I tillegg til å vere smilande og blid, har den første personen vore leiar i STIL fotball i ti år. Han har også vore leiar i hovudlaget. Han har vore ei sentral drivkraft i realiseringa av Sandane Idrettspark, og anlegget er blitt ein tidsmarkør for fotballfasilitetane på Sandane. Vi kan snakke om før og etter, sa Gule.

Ein fantastisk lagspelar

Den andre personen er kjend for å vere raus, roleg og ein fantastisk lagspelar.

– I fotballgruppa har denne mannen vore trenar for knøtte- og barnefotballen i ei årrekkje. Han har vore medhjelpar for Roselaget, webansvarleg, medlem og leiar i sportsleg utval, utdanningsansvarleg, fair play-ansvarleg, politiattest-ansvarleg, styremedlem og nestleiar i fotballgruppa to periodar. Han har også vore leiar og nestleiar i hovudlaget. Og lista er truleg ikkje komplett, heldt Gule fram.

Har samarbeidd tett

I årevis har dei to karane stått på og gjort mykje praktisk og administrativt arbeid.

– Dei har jobba tett i lag, og har delt på verv når ingen andre har teke dei på seg. Det er løysingsorientering i praksis. Vi kan ikkje måle innsatsen i timar, men heller i årsverk. De har sikkert skjønt kven eg vil fram til, nemleg Svein Kristiansen og Sjur Åge Gimmestad, sa leiaren i idrettslaget.