Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner talet på fullvaksinerte som har blitt smitta av koronaviruset er omtrent som venta. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Sju prosent av koronasmitta nordmenn er fullvaksinerte

I veke 29 og veke 30 vart det påvist 3.659 koronatilfelle. 259 av desse var fullvaksinerte. Talet vil auke når ein større del av befolkninga blir vaksinerte.

– Det er omtrent som venta. Årsaka til det er at mRNA-vaksinane er rundt 95 prosent effektive for å hindre somatisk sjukdom, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NRK.

Dei fullvaksinerte av den totale mengda av koronatilfella dei to siste vekene, utgjer dermed ein prosentdel på 7,1 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overlege Are Stuwitz Berg i FHI seier at dei ikkje har ein terskel på kva som er eit akseptabelt nivå når det gjeld smitte blant fullvaksinerte.

– Så langt viser kunnskapen at effekten av dei vaksinane vi bruker i Noreg er svært høg mot alvorleg sjukdom. Også mot deltavarianten, seier han.

(©NPK)