Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Sju nye korona-smitta i Selje

Til saman sju nye personar i Selje har fått påvist covid-19 smitte dei siste dagane. På Nordfjordeid er det ikkje registrert nye smittetilfelle sidan tysdag.

– Fredag kveld har ein fått svar på alle prøver tatt i Selje onsdag 24. mars. Prøvesvar frå onsdag viser at til saman seks personar i to ulike husstandar har fått påvist covid-19.

– I tillegg har ein person i Selje fått påvist covid-19 etter hurtigtest tatt fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nye smitteverntiltak - dette gjeld i Gloppen

Samla sju nye tilfelle i Selje

Alle sju har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos andre i husstanden, og dei utløyser ingen nye nærkontaktar, melder ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune.

Fredag har ein då funne at til saman sju nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Alle har vore i karantene i husstandar med tidlegare påvist smitte, og det er ingen nye nærkontaktar i samband med desse sju smittetilfella.

Fredag kveld ventar kommunen framleis på svar for prøver tatt i Selje torsdag.

Ingen nye på Nordfjordeid

Bjørlo skriv at kommunen fredag kveld har fått svar på alle prøver tatt på Nordfjordeid onsdag og torsdag. Her var alle resultat negative.

I løpet av fredagen vart om lag 30 personar på Nordfjordeid og om lag 100 personar i Selje testa for covid-19. Ein stor del av dei testa i Selje fredag er andre gongs test for skuleklasser, barnehageavdelingar og andre som sit i karantene. Svar på desse er venta i løpet av helga.

Ordføraren oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.