Sjekk denne vêrmeldinga!
Etter nokre dagar med mildare vêr, gjer kulden comeback komande veke.
Men det er ikkje berre minusgradene vi får kjenne på kroppen, det er meldt roleg vêr med strålande solskin - på dei stadane der sola skin på denne tida av året.
– Det meste tyder på at dei tosifra kuldegradene kjem tilbake ut i neste veke. Særleg mot neste helg. Det er ikkje langt frå same låge temperaturane som var i starten av månaden, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til Fjordingen.