Set av 100 millionar til skipstunnelen
I Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett for 2026 er det sett av ein pakke på 100 millionar kroner til Stad skipstunnel.
– Dette prosjektet er viktig for Nordfjord og heile Vestlandet. Det handlar om sikkerheit til sjøs, beredskap og å sikre påliteleg infrastruktur, seier stortingsrepresentant Stig Even Lillestøl i ei pressemelding.
Han peikar på at ingen andre parti har sett av midlar til prosjektet i sine budsjett for neste år:
– Dette er pengar vi set av for å vise at prosjektet blir prioritert av FrP. Tunnelen har stor betydning både for skipsfarten og næringslivet lokalt og regionalt.
- Blir nedprioritert
FrP-representant Frank Sve frå Møre og Romsdal seier at partiet vil fortsetje å kjempe for Stad skipstunnel, slik dei har gjort sidan 1980-talet.
– Etter at regjeringa forsøkte å skrinlegge prosjektet over valdagen, fekk heldigvis eit fleirtal på Stortinget pressa Arbeidarpartiet til å la Kystverket fortsetje forhandlingane med aktørane. Dessverre er dette nok eit eksempel på at folk og næringsliv langs kysten blir nedprioritert av regjeringa, trass i at det er her verdiskapinga skjer, seier Sve.
Han meiner det vil være klokt å vurdere grep som kan redusere kostnadane ved prosjektet, heller enn å skrote skipstunnelen. Dersom regjeringa stiller særkrav på eksempelvis klima som gjer prosjektet dyrare, vil FrP fjerne dette.
- Bra for verdiskapinga
Kollega Helge André Njåstad slår fast at tunnelen vil binde heile kysten saman.
– Dette handler om sikkerheita til sjøs i eit særleg vêrhardt område, men óg å knyte Vestlandet tettare saman. Det er bra for verdiskapinga i landet.
Lillestøl skyt inn at regjeringa har teikna eit uriktig bilete av kostnadane ved prosjektet når dei seier at anslaget har gått vesentleg opp:
– I media vart det spelt ut ein prislapp på 9,4 milliardar kroner. Dette er ei prisantydning som inkluderer moms. Altså, pengar staten skal betale tilbake til seg sjølv. Dette er ein underleg måte å rekne på, som ein ikkje brukar på andre samferdselsprosjekt.
Då FrP-representanten frå Nordfjord tidlegare denne månaden sende skriftleg spørsmål om kostnadsanslaget til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap), svara ho at prislappen riktig nok ligg på 7,6 milliardar kroner utan moms.
– Dette er ikkje oppsiktsvekkjande tal, sett i forhold til den generelle prisauken dei siste åra. Noreg skal bruke 1000 milliardar kroner på samferdsle dei neste ti åra, men veldig lite av det vil gå til å byggje Nordvestlandet om Ap får styre, understrekar han.