Tar oss med på tur: Anoushka Nordby og Kashfa King Gashamura er haustaktuelle med reiseprogrammet «Hotell Kash King». Ferda går til Rwanda. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Seriespekka NRK-haust

Blant nykommarane på haustmenyen til NRK finn vi ein stjernespekka dramaserie frå finansmiljø – og dessutan nye sprell frå Bjarte Tjøstheim.


«Exit» er tittelen på serien som sameinar skodespelarkreftene til Simon J. Berger (Adam), Jon Øigarden (Jeppe), Pål Sverre Hagen (William), Tobias Santelmann (Henrik), Agnes Kittelsen (Hermine) og Ine Marie Wilmann (Celine) – ein prestasjon i seg sjølv.


Serieskapar Øystein Karlsen kjenner vi som mannen «Dag» og «En natt». Og i september går teppet opp for nyskapnaden – som spring ut av autentiske intervju og samtalar med fire menn i Noregs finansmiljø.


– Så har vi tatt nokre personlegdomstrekk, sjargongen og verdssynet til desse mennene og late oss inspirere til å lage eit fiktivt univers. Men 60–70 prosent av det som skjer i serien er basert på verkelege historier frå dette miljøet, seier Karlsen til NTB. Han legg til at dette miljøet var eit nokså ukjent landskap for han.



Hivju og Tjøstheim

Det er allereie kjent at Kristofer Hivju kjem til å dukke opp på norske skjermar til hausten i ei dobbeltrolle i NRK-serien «Twin». Premieren blir lagt til slutten av oktober – månaden som også byr på eit gjensyn med Bjarte Tjøstheim. Han har kasta av seg prestekappa og spelar no i staden hovudrolla i «Hellums kro» – ein serie som blir skildra som humordrama om to vegkroer – i full krig.


Skal vi tru NRK, vil serien by på både biljakt, spionasje og sabotasjeaksjonar, for alt er lov i «kro, krig og kjærlighet».


Serien «Skitten snø» er i ein heilt annan sjanger. Der det skal handle om frykt, ære, lojalitet og sterke vennskap. Serien er basert på Mahmona Khans ungdomsroman med same tittel, og her ligg det an til novemberpremiere.


«Nattens arvinger» rettar seg mot sjåarar frå 12–15 år og blir skildra som eit internasjonalt fantasy-drama der NRK, tyske NDR og nederlandske NPO samarbeider. Det vankar både magi og spenning når vi skal tilbake til 1800-talet – og mellom anna møte vampyrar. Serien kjem i oktober.



Drama og safari

«Nudes» og «18» er to seriar med ungdomsrelatert tematikk. Den førstnemnde handlar om eit nakenbilde som blir spreidd, medan «18» mellom anna tar oss med inn i ei kriminell underverd.


Hausten byr òg på storstilt drama frå BBC med «Verda i flammar» (World on fire). Ifølgje NRK Spenner BBC opp eit stort lerret med serien som har Helen Hunt i ein av dei store rollene. Premieren er lagt til september.


På humorsida merkar vi oss at «Parterapi» kjem tilbake, der Kevin Vågenes held fram i mange roller og byr på både gamle og nye parutfordringar.


Ein serie om Einar Gerhardsen, med heilt nye og ufortalde historier om «landsfaderen», er òg sendeklar til hausten.


Det same er «Hotell Kash King» – eit reiseprogram med Kashfa King Gashamura (òg kjent som Kash King) og kjærasten Anoushka som følgjer reisa deira til Rwanda.


Spennande blir det òg når «Safari Norge»rullar over skjermane, der kjente nordmenn møter ville, norske dyr. Mellom anna reiser Yosef Wolde-Mariam (Madcon) til Svalbard fór på oppleve isbjørn.


På dokufronten blir det eit gjensyn med «Helene sjekker inn», «Team Ingebrigtsen», «Eides språksjov» og «Symesterskapet».


Av helgeunderhaldning kan vi glede oss over meir «Side om side» (inkludert ein julespesial).


Det blir òg meir «Lindmo», «Ti på topp», «Nytt på nytt», «Stjernekamp», «Beat for beat» og «Jorden rundt på 6 steg». (©NPK)