Ein sjølvi på kvar stad dei vitja, var obligatorisk då Gunn Sande (t.h.) og Senterkvinnene i Sogn og Fjordane var på fylkesturné i helga.

Senterkvinnene på sjølvi-turné

– Vi vil vise at Senterkvinnene bryr seg og ønskjer å møte folk der dei er, seier leiar i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane, Gunn Sande.

I løpet av helga har kvinneorganisasjonen til Senterpartiet vore på valturné og vitja heile 24 av dei 26 kommunane i fylket. Turen starta i Førde fredag morgon og vart avslutta på Sande i Gaular i går kveld. Laurdag føremiddag stogga delegasjonen på Byrkjelo.

– Set pris på at vi kjem

– Dette er heilt toppers. Lokalkunnskap og lokalt engasjement er viktig for oss. Vi vil møte veljarane i sitt rette element, og ser at mange set pris på at vi kjem. Senterpartiet har, i motsetnad til dei andre partia, faktisk ein kvinneorganisasjon, seier Gunn Sande.

Ho er Senterpartiet sin ordførarkandidat i Selje, står på 9. plass på lista til fylkestingsvalet og hadde med seg mellom andre Bjørg Aamot frå Balestrand og Ida Fretland frå Fjaler på den lett heseblesande fylkesreisa.

Les heile saka i papirutgåva måndag.