Seks personar er bøtelagde for å ha droppa karantenehotell i Vestland etter at dei landa på Bergen lufthamn Flesland. Arkivfoto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Seks personar bøtelagde for å ha droppa karantenehotell i Vestland

Vest politidistrikt har avgjort seks nye saker med bøter for brot på smittevernreglane. Alle sakene gjeld manglande opphald på karantenehotell.

Alle dei seks personane har fått bøter den siste månaden, og bøtene lyder på 20.000 kroner. Det fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Blant personane er eit ektepar i 60-åra som kom til Flesland frå Gran-Canaria, ei kvinne i 20-åra som kom frå Costa Rica, ein mann i 20-åra som frå Aberdeen i Skottland, og to menn i 40- og 50-åra som kom til Flesland frå Elfenbeinskysten. Fem av dei seks hadde mellomlanda i Amsterdam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet opplyser at alle har vorte munnleg orienterte om bøtene.

(©NPK)