Statens vegvesen: N/A

Seks manglar i trafikkontroll

Statens vegvesen registrerte i alt seks manglar på bilane som vart kontrollerte på Kjøs i dag.

Éin bileigar fekk mangellapp på lastebilen sin fordi han hadde montert lys som ikkje er tillatne i høve til regelverket.

Måtte sikre lasta

Tre sjåførar måtte sikre lasta på vogntoga sine betre før dei fekk forlate kontrollplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt vogntog var lenger enn det regelverket tillet, og måtte korte inn til lovleg lengde før han fekk køyre vidare.

Éin bilførar måtte kople frå semitraileren slik at han fekk smurd svingskiva på lastebilen før han fekk halde fram.

Statens vegvesen gjennomfører kontrollar langs veg for å syte for betre trafikktryggleik for alle trafikantar. Alle skal kome trygt fram på norske vegar. Kontrollane skal også medverke til å sikre konkurransevilkåra i bransjen og yrkessjåførane sine arbeidsvilkår.