Det blir kanskje færre lam på norske bøar til våren. Dårleg inseminasjonssæd har ført til at mange søyer ikkje har vorte drektige. Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Sauebønder rasar mot dårleg inseminasjonssæd

Sæden som Norsk Sau og Geit (NSG) har sendt ut til kunstig inseminasjon av sauer denne sesongen, har ikkje hatt den venta effekten. Mange søyer blir ikkje drektige, og leiaren i Vestland bondelag kallar det ein liten skandale.

Ifølgje NRK Vestland melder fleire bønder om berre 20 prosent «suksessrate».

– Dette er ein liten skandale, og vil truleg føre til at fleire vil bruke vêr i staden for kunstig inseminering, seier leiar Anders Felde i Vestland Bondelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestleiar Kristina Hegge i Innlandet Bondelag er også misnøgd, og forventar at det blir ryddda opp og at bønder som har fått sæd som ikkje verkar blir kompensert.

Norsk Sau og Geit er samd i at varene deira har gitt for dårleg resultat. Hovudteorien er at det er noko gale med fortynningsvæska. Sæden frå donorane blir nemleg tynna ut og delt opp i 20-30 dosar. Også på Island har dei hatt problem med fortynningsvæska, men der oppdaga dei det før dei sende ut sæden til bøndene.

Heldigvis er det framleis mange bønder som brukar den naturlege metoden med avlsvêr. Dermed forsikrar NSG om at det blir pinnekjøt også til hausten.