Liv Fridtun (f.v.) hos Sandane Tekstil og Interiør, Bjørg Bergheim frå Sesong, Martin Hamre frå Coop Extra og Linda Langlo på Tystad Blomster lovar god stemning og gode tilbod under kveldsope.

Satsar på ekstra god julestemning i sentrum

Torsdag 7. desember kan ein handle til ut i dei små timar når handelsstanden på Sandane inviterer til julestemning og kveldsope i sentrum.

Det er desember og julehandelmotoren er så smått byrja å varme seg opp hos dei aller fleste av oss.

God stemning og gode tilbod

Med knappe tre veker til den store dagen, kan det vere godt med alt som er gjort, og tradisjonen tru ønskjer butikkane på Sandane velkomen til kveldsope fram til klokka 22:00, torsdag 7. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman freistar dei å auke førjulsstemninga i kommunesenteret litt ekstra denne kvelden.

– Det blir mange, gode tilbod og forhåpentlegvis god førjulsstemning, seier Linda Langlo hos Tystad Blomster.

Viktig

Butikkgruppa håpar at mange finn vegen til sentrum og nyttar seg av dei lokale tilboda.

– Kveldsope er ekstra viktig for oss, og vi har alltid godt sal på desse dagane. I tillegg er det ein veldig kjekk dag på jobb for oss bak disken, smiler Bjørg Bergheim på Sesong.

Russen

I tillegg til gode tilbod inne i butikkane, blir det aktivitet i sentrum.

— Vi har fått med oss to russegrupper som skal ha litt aktivitetar i sentrum og lage god julestemning. Dei stiller på med musikk, mandarinar og pakkar til både store og små, seier Langlo.

Gåvekort

Som før, blir det òg høve til å vinne flotte premiar.

– Ved kvar handel får du eit stempel, og når du har samla tre stempel kan du levere inn kupongen til ein av butikkane. Då er du med i konkurransen om tre gåvekort til ein verdi av 1.000 kroner kvar, opplyser Linda Langlo.