Mus. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Rotter og mus gjer seg klare til å komme inn

Ein av tre har hatt besøk av skadedyr. No når det blir kaldare ute og varmt inne vil fleire få besøk av rotter og mus.

I ei undersøking frå Norstat for Frende forsikring svarar ein av tre at dei har hatt skadedyr i huset, leilegheita eller på hytta, fortel forsikringsselskapet i ei pressemelding.

Skadedyr i heimen er eit klassisk haustteikn. Fagsjef i Norsk Hussopp Forsikring, Øyvind Magerøy, seier dei har ein auke i førespurnader kvart år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi hadde nesten dobbelt så mange saker om mus i 2020 som året før, og auken har halde fram så langt i 2021.