Per Hoel hugsar framleis tida som krigsseglar svært godt. Her viser han fram diplomet og deltakarmedaljen som syner at han gjorde teneste i skip disponerte av Nortraship. Foto: Aadne Gloppestad.

Rømde frå tysk tukthusstraff - enda i alliert konvoifart


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod på trykk i sogebladet Ljøren 2015.





- Då vi hadde rodd eit par hundre meter mot land, gjekk alarmen. Vi høyrde roping og skriking og det vart lys over heile båten, fortel Per Hoel. Det er 73 år sidan krigsseglaren rømde frå tyskarane og dommen på to månaders tukthusstraff.

Som ein av to glopparar vart Per Hoel i sommar tildelt regjeringa sin minnemedalje for innsatsen under Den andre verdskrigen. Medaljen vart tildelt gjenlevande norske og utanlandske personar som bidrog anten militært eller sivilt i løpet av okkupasjonsåra. Hoel har ei for mange ukjend, men svært interessant historie som krigsseglar.

Stal ullteppe
Den kalde vinteren 1941/42 var 16-åringen matros om bord på tørrlastskipet MS Knute Nelson på veg nordover langs Norskekysten. Skipet var ein del av heimeflåten som tyskarane kontrollerte.

- Vi skulle med proviant til dei tyske styrkane på finskefronten. Målet for reisa var Petsamo, den gongen ein finsk by, i dag russisk, fortel Per Hoel.

Lasterommet var fullt av brennevin. Under presenningen på dekkslasta fann nokre av mannskapet noko dei sårt trengde.

- Det var frykteleg kaldt om bord, så vi stal ullteppe for å halde varmen. Eg greidde meg med to, men ein annan var dum nok til å stele fire.

Tyskarane oppdaga tjuveria.

- Dei kom på lugaren og reiv av meg sengetøyet, men røyvde meg ikkje. Fullt så bra gjekk det ikkje med messeguten som hadde falle for freistinga å opne feltpost på jakt etter tobakk. Han blei banka opp og låst inne på lugaren, fortel Per.


Per har teke vare på passet han hadde med seg på land og sjø under krigen.

Gategut
Per Hoel vart fødd i Oslo 14. juli 1925. Han voks opp i Kirkeveien, like ved Ullevål sykehus. Der budde han saman med mor, far, fire brør og to søstrer. Faren var lærar ved Grünerløkka skole, mora heimeverande.

- Eg var eigentleg ein gategut som lærte å vere tøff. Dette har hange ved meg heile livet, fortel han.

Tyskarane rekvirerte etter kvart skulane i Oslo, og elevane måtte flytte frå skule til skule.

- Som mange andre gav eg opp og drog til sjøs før eg var 16 år.

Skip som låg i norske hamner i april 1940, og som ikkje kom seg vekk i tide, vart overtekne av dei tyske okkupantane.

- Tyskarane brukte norske handelsfartøy til å frakte materiell til rustningsindustrien i heimlandet. Vi skjønte kva som skjedde og eg bestemte meg tidleg for å røme, men fekk ikkje sjansen før eg stal dei to ullteppa, fortel Per.

To månaders tukthus
Tilbake på Knute Nelson vinteren 1942 gjekk turen innom Tromsø. Der vart tjuvane stilte for tysk rett.

- Saman med skipperen og andre frå mannskapet stod eg framfor hakekorset og tyskarane som skulle dømme oss. Vi var fire stykke som stod der som syndarar. Domstolen fann stad i eit frelsesarméhus som tyskarane hadde teke, fortel Per.

Han vart dømd til to månaders tukthus, ein månad for kvart ullteppe han hadde stole. Kameraten som stal fire, fekk fire månader. Straffa skulle nordmennene sone i Tyskland.

- Tyskarane kunne å telje. Når eg tenkjer tilbake, er det heile komisk, smiler 90-åringen.

- Vi veit ikkje korleis det gjekk med han som stal feltposten. I krig kunne dette bety dødsdom, men han vart dømd til to års tukthus. Kanskje vart han berga av at det var tobakken og ikkje sjølve posten han var interessert i, og tyskarane skjønte nok at han var ung og dum. Han var stor og kraftig, men eigentleg berre ein forvaksen gutunge. Tyskarane likte å gje han juling for å vise at det greidde dei.

Dramatisk flukt
Etter at Knute Nelson hadde lossa i Petsamo, gjekk båten sørover langs heile Norskekysten.

- Eg fekk bevege meg fritt omkring, men messeguten var låst inne på lugaren. Dei mistenkte at han ville røme, fortel Per.

Då kalenderen synte mai 1942, ankra dei opp på Hvaler - like ved svenskegrensa.


MS Knute Nelson ved kai i Oslo kring 1942. Foto: Truleg teke av tysk soldat, tilhøyrer Oslo byarkiv.

- Vi bestemte oss for å stikke av. Eg hadde tolv til fire-vakta om natta. Vi senka ei jolle på sjøen i mørket, gjekk stilt om bord og rodde mot land. Éin var dum nok til å leggje på sym i det kalde vatnet. Vi høyrde han skrike, samstundes som vi høyrde motordur av båtar som kom ut frå kysten, minnest krigsveteranen.

I det same gjekk alarmen om bord på Knute Nelson. Tyskarane hadde oppdaga flukta, heile båten vart opplyst.

- Vi rodde og rodde og kom i land i Sverige med dårleg samvit for ikkje å ha redda han som sømde. Eg veit ikkje korleis det gjekk med han.

Gjennom minebelte
Vel framme på nøytral svensk jord, vart Per internert i Strømstad. Derifrå vart han send sørover på jordarbeid.

I september mønstra han om bord i MS Dicto, som låg til kai i Göteborg. Dette var ein av dei såkalla Kvarstadbåtane (sjå faktaramme), som prøvde å ta seg til England våren 1942. Dicto var ein av to båtar som snudde og returnerte uskada til Sverige.

- Dette skjedde før eg mønstra på. Eg var på Dicto i eitt år. Då melde eg meg frivillig til å reise til England, seier Per.

Åtte britiske motortorpedobåtar frakta på denne tida kulelager mellom Göteborg og Hull, og Per Hoel fekk vere med Gay Corsair over Nordsjøen.

- Eg sat på dekk under heile overfarten. Då vi gjekk gjennom minebelte i Kattegat og Skagerak, la båten seg over frå side til side for å unngå minene. Eg skjønte det kunne vere like før det small, fortel han og illustrerer med armar og kropp korleis båten vekselvis la seg mot styrbord og babord.

Det var ikkje snakk om å slakke ned på farten.

- Éin gong hadde ein av MTB-ane stogga etter tilrop frå ein svensk fiskebåt på Svenskekysten. Det var ei felle. Om bord var tyske soldatar. Alle på MTB-en vart drepne, og båten taua til Danmark. Etter dette stolte ikkje britane på kva som skjedde langs kysten og lét seg ikkje stogge.

I Nordsjøen vart dei åtte båtane møtte av britiske fly, og 20 timar etter utreise frå Göteborg var dei trygt framme i Hull på den engelske austkysten. Kalenderen synte oktober 1943.


MS Dicto var ein av dei såkalla Kvarstadbåtane som låg ved svensk hamn under krigen. Per Hoel tenestegjorde om bord i eitt år. Foto: Sjøhistorie.no.

Nord-Atlanteren
I England vart Per Hoel internert saman med mange andre frå ulike tyskokkuperte land.

I februar 1944 starta eit nytt kapittel i livet hans. Han mønstra på D/T Marit II, som gjekk i konvoifart mellom Storbritannia og USA. Der var han om bord i tre månader.

- Vi var til Nord- og Sør-Amerika, lasta olje og krigsmateriell og gjekk tilbake til Storbritannia. Vi gjekk i store konvoiar med opptil 150 båtar. Britiske marinefartøy passa på og greidde å halde dei tyske ubåtane vekke, fortel han.

På dette tidspunktet var den verste ubåtkrigen i Nord-Atlanteren over. Mykje takka vere radaren hadde dei allierte fått overtaket på ubåtane som hadde lurt under havoverflata og truga den livsviktige transporten mellom USA og Storbritannia dei første krigsåra.

- Vi hadde ikkje tid til å vere redde, vi hadde mykje å ta hand om på båtane og kunne ikkje gå og vente på at det skulle smelle. Eg var berre ein ungdom på 17-18 år og tenkte ikkje så mykje på det. Men nær den britiske kysten var det usikkerheit om bord. Der lurte framleis ubåtane, så der kunne ting skje. Det gjorde det òg, men ikkje med oss, fortel Per.


Per Hoel tenestegjorde på D/T Marit II frå februar til mai 1944. Foto: Sjøhistorie.no.

Krigsherja London
Telegrafisten på Marit II rådde Per til å søkje seg på radioskule og bli telegrafist. Som sagt, så gjort.

- Radioskulen var i kjellaren i ein stor bygning i London. Mange gongar sat vi der medan bygningen rista som følgje av bombenedslag i nærleiken. Vi kom opp frå kjellaren grå og skitne. Maskinistskulen låg berre eit par hundre meter bortanfor. Denne vart blåsen vekk av bomber. Heldigvis oppheldt alle seg i kjellaren, så ingen vart skada, fortel han.

På denne tida terroriserte tyskarane den britiske hovudstaden med V1- og V2-rakettar.

- Ein gong vi var sør for London kom tre sylindrar side om side over hovuda våre. Det var V1. V2-rakettane såg vi ikkje, vi høyrde berre smellen og såg elendet etterpå. Bombinga og opplevingane vi hadde i London gjekk inn på oss, fortel han.


I januar 2007 vart Per Hoel tildelt deltakarmedaljen for innsatsen under krigsåra. T.h. oberstløytnant Grindvik som delte ut medaljen, t.v. Per si kone Oddlaug. Foto: Firda Tidend.

Vart nekta å reise til Noreg
På nyåret 1945 stod han med papira som synte at han var ferdig utdanna radiotelegrafist.

- Eg håpte eg skulle bli send tilbake til Noreg som radioagent. Eg fekk utlevert alt eg trengde til treninga, men plutseleg kom avslaget på søknaden min. Eg var rømling, hadde ein dom på meg, og vart nekta å reise, fortel Per.

I staden gjekk han om bord på D/S Olaf Bergh i mars 1945.

- Eg har morsesignala i meg enno, seier han og demonstrerer korleis det lét når han sat ved morsenøkkelen.

Han var telegrafist om bord på Olaf Bergh til båten gjekk tilbake til Noreg seinhausten 1945. Då mønstra han av. For Per Hoel var den aktive krigstenesta over.


Per Hoel var telegrafist på D/S Olaf Bergh og kom tilbake til Noreg med skipet hausten 1945. Foto: Sjøhistorie.no

- Veit ikkje kva dei snakkar om
70 år etter at Den andre verdskrigen var over, har ikkje Per Hoel problem med Tyskland og tyskarar.

- Det var bra tyskarar òg, tyskarar som skamma seg over alt dei gjorde. Eg hatar ikkje tyskarane, men den elendige nazismen. Det var ein sjukdom, nesten noko religiøst over det. Eg skjøner ikkje så mykje av det, berre at det var ein djevelskap alt i hop.

Norske styresmakter si handsaming av krigsseglarane har vore mykje debattert opp gjennom åra. Dei stod bak det største norske bidraget i kampen mot naziregimet. Nær 4.000 av 35.000 norske sjøfolk miste livet i denne kampen, og svært mange fekk store fysiske og psykiske problem i ettertid. Likevel gjekk det lang tid før det norske storsamfunnet gav dei den heideren dei fortente. Dei måtte vente i mange tiår før dei fekk takk og naudsynt hjelp.

- Styresmaktene trekte ein viss prosentsats av løna til sjøfolka. Dette skulle vi få tilbakebetalt etter krigen, men det gjorde vi aldri. Det er ei skam. Eg har ikkje fått krigspensjon, men i 2007 fekk eg deltakarmedaljen, seier Per Hoel og legg ikkje skjul på at han til liks med mange andre er irritert over måten norske myndigheiter har handsama krigsseglarane på.

- Dei veit ikkje kva dei snakkar om, eg blir irritert over slikt, seier han og dreg fram ei eigenopplevd historie som døme:

- Etter krigen skreiv eg til myndigheitene at eg hadde vore eitt år om bord på Dicto. Nei, du har aldri vore der, var svaret eg fekk. Då sende eg lommeboka eg fekk i julepresang. På innsida er det trykt "DICTO". Då tidde dei bom stilt, dei skjønte dei tok feil, smiler han og viser fram lommeboka han har teke vare på i alle år.


Per måtte sende inn lommeboka han fekk i julegåve for at styresmaktene skulle tru på at han hadde tenestegjort om bord på M/S Dicto. Foto: Aadne Gloppestad

Miste sonen
Etter krigen fullførte han artium.

- Resultata var berre passleg gode. Eg interesserte meg for realfag og tok embetseksamen i 1956. Då søkte eg arbeid på Firda Gymnas. Eg hadde ikkje den beste eksamenen å vise til, men fekk merkeleg nok jobb. Eg hadde nok litt av den krigerske mentaliteten i meg framleis og tok sjansen, smiler han og legg til at han arbeidde ved gymnaset fram til han gjekk av med pensjon i 1991.

På Sandane møtte han ho som skulle bli kona hans, Oddlaug f. Kandal. Saman fekk dei sju born, men berre seks av dei kom til å vekse opp. Eldstemann, Knut, blei berre elleve år.

- Han slo seg i hel på saga rett her borte, fortel Per og peikar mot saga eit par hundre meter innanfor heimen på Eide.

- Han var god til å turne, og svinga seg i ein jernbolt under taket. Han miste taket og datt på rygg ned på steingolvet. Han var stiv og medvitslaus då eg bar han heim midt i kyrkjetid ein søndag føremiddag. Han levde i ti døgn, så døydde han. Det var ein knockout for meg, seier den pensjonerte lektoren om hendinga som fann stad i 1970.

Takkar kona
Saman med ballasten frå ein utfordrande oppvekst i Oslo på 1930-talet og dei sterke minna frå krigen, har hendinga med eldsteguten prega han i ettertid.

- Eg har bore på ein ryggsekk eg ikkje blir kvitt, men mykje takka vere kona mi har eg klart meg bra. Eg har uendeleg mykje å takke henne for, seier Per og fortel at han stort sett har gått "midt på vegen" heile tida.

- Krigen er eit einaste surr alt i hop. Eg har ofte vakna om natta, dømt meg sjølv og tenkt på korleis det gjekk med kameratane mine. Ein på Marit II var torpedert tre gongar og var øydelagd som menneske. Han fungerte bra i arbeid, men vakna om natta av at han fantaserte om tyske ubåtar. Det var ein kamp mot fantasien, konstaterer Per og gjev eit innblikk i korleis mange krigsseglarar vart merka for livet av påkjenningane dei var utsette for.

Sjølv har han brukt fjellturar - sommar som vinter - som rekreasjon for å halde dei sterke opplevingane på avstand.

- Eg måtte gjere noko, ikkje berre sitje inne. Fjellet vart ein slags suggesjon som vart brukt til å døyve ting med.

I sommar runda Per Hoel 90 år. Framleis bur han heime i huset han og kona fekk bygd. Kona bur på Gotatoppen, men i kjellaren bur den yngste døtra.

- Eg steller meg sjølv og har det bra. Lagar middag, tek ringbussen til Sandane for å handle to dagar i veka og styrer litt med ved, fortel han.

Høyrsla og synet er ikkje som dei ein gong var, men minna frå krigsåra ber han framleis med seg.


Sommaren 2015 fekk Per Hoel minnemedaljen som vart tildelt gjenlevande personar som bidrog anten militært eller sivilt i løpet av okkupasjonsåra. Medaljen vart delt ut av ordførar Anders Ryssdal. Foto: Firda Tidend.

Kjelder:
Intervju med Per Hoel oktober 2015.
Artikkel i Firda Tidend 15. januar 2007.
Ulike nettsider med informasjon om handelsflåten, Nortraship og Kvarstadbåtane.





Fekk du med deg: «Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
Tidlegare saker frå arkivet:
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017