Illustrasjonfoto.

Relativt roleg politinatt

Fredag kveld og natt til laurdag gjekk utan at politiet fekk dei store sakene å hanskast med.

Rus og ordensproblem

I Førde måtte politiet køyre heim ein kar som hadde lagt seg til å sove ute. Ein rusa mann i trettiåra vart i Florø pågripen med ei mindre mengde narkotika. I Naustdal hadde politiet promillekontroll fredag kveld. 18 førarar vart kontrollerte, men ingen utslag. I Breim vart ein hjort påkøyrd fredag morgon utan at det er sagt noko om korleis det gjekk med dyret.