Frukt- og bærprodusent Stein Hauge på Nordstranda i Gloppen. Illustrasjonsfoto.

Rekordtidlege jordbær

Søndag plukka Stein Hauge dei to første korgene.

Truleg har det aldri før vore plukka jordbær i Gloppen så tidleg. Som den første jordbærdyrkaren i området, kan gardbrukaren på Nordstranda i år hauste avling frå åker i tunnel. Det drivande vêret den siste tida har gjort at dei første bæra allereie er modne.

– Ein kuriositet
– Korgene vi plukka søndag var mest som ein kuriositet å rekne, smiler Stein Hauge og konstaterer at det ser ut til å bli relativt god avling i dei to tunnelane med totalt 500 meter jordbærrader.
Særleg det eine teltet lovar bra.
– Der blir det ein del bær, i det andre er det ikkje fullt så mykje. Det er ulike sortar som er årsaka. Det blir mest Korona, veldig store bær er det òg, slår han fast og lettar på bladverket som skjuler bær som er på god veg til å få den rette raudfargen.

– Modnar fort
I går morgon vart feltet plukka skikkeleg over for første gong.
– Vi må nok plukke igjen fredag. I denne temperaturen modnar bæra fort. Det blir ikkje dei heilt store mengdene, men vi må prøve å levere til butikk eller hotell i løpet av veka, seier Hauge.
Han har rekna med at tunnelbæra skal modne eit par veker tidlegare enn dei som står på frimark. Raude bær allereie 5. juni er endå litt tidlegare enn han såg føre seg.