Regjeringa opnar for ei halvering av billettprisane på kortbanenettet. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Regjeringa vil leggje til rette for billegare flybillettar

I det nye tilbodet for kortbanenettet i Noreg opnar den sitjande regjeringa for at billettprisane kan halverast, melder NRK Nordland.

I sommar gjekk Senterpartiet ut med ein lovnad om å halvere flybillettprisane i distrikta, og den nyvalde Høgre-representanten for Nordland, Bård Ludvig Thorheim, sa det heile verka for godt til å vere sant. Han understreka at Høgre aldri ville kome med ein liknande lovnad, fordi prisen på eit slikt kutt vil koste 400 millionar kroner.

No har likevel Høgre og regjeringa lagt til rette for eit slikt kutt. For tilboda på FOT-rutene i 2022 til 2023 gjer vi det mogleg å redusere prisane med inntil 50 prosent, pluss auke volumet på flyreisene, seier Thorheim til NRK no.

Artikkelen held fram under annonsen.

FOT-rutene (forplikting til offentleg tenesteyting) er viktige for distrikta, og rutene går gjennom ein tilbodsprosess. Det er her den avtroppande regjeringa no gjer ei endring.

Bård Ludvig Thorheim seier at forslaget nok er eit velmeint press på Senterpartiet om å innfri lovnadene sine frå valkampen.

(©NPK)