Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) presenterer nysalderingar til statsbudsjettet for 2020. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Regjeringa vil auke krisestøtta til kulturlivet med 200 millionar kroner

Regjeringa set av ytterlegare 200 millionar kroner på toppen av summen på 900 millionar som skal brukast til å støtte kulturlivet.

Kulturminister Abid Raja (V) lanserte fredag endringar i støtteordningane som regjeringa har etablert for kulturlivet.

I det nysalderte budsjettet aukar regjeringa løyvingane til Kulturrådet, som tek seg av alle søknadene frå kulturlivet, med 6 millionar kroner. Samtidig aukar dei støttesummen som kulturbransjen kan søkje på frå 900 millionar til 1,1 milliard kroner.

– Eg som kulturminister har ikkje tenkt å la koronaen vil ta knekken på kulturlivet, men eg vil stille opp så godt eg kan, sa Raja.

(©NPK)