Statsminister Erna Solberg (H) på ein tidlegare pressekonferanse om gjenopninga av Noreg. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Regjeringa utset trinn 4 i gjenopningsplanen – justerer trinn tre

Regjeringa vil vente med det siste trinnet i gjenopningsplanen sin. Uvisse om deltavarianten av koronaviruset er årsaka.

Det vart klart på ein pressekonferanse om koronasituasjonen og gjenopninga måndag ettermiddag.

Allereie førre veke åtvara helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) om at trinn fire kunne bli utsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

På trinn fire i gjenopningsplanen kan mellom anna universitet og høgskular for det meste gå tilbake til fysisk undervisning, breiddeidretten kan halde på stort sett som normalt, kravet om bordservering blir oppheva, og fleire personar kan vere til stades på arrangement.

Det vil framleis vere ein del generelle smitteverntiltak, og det kan òg vere aktuelt med innreiserestriksjonar.