Vipps sender tysdag ut ei åtvaring mot ein svindelmetode i kraftig vekst. Foto: Vipps/NTB/NPK.

Vipps sender ut svindelåtvaring til alle brukarar: – Kraftig vekst

4,5 millionar Vipps-kundar får tysdag ei svindelåtvaring i appen. Der blir det åtvara mot ein svindelmetode i kraftig vekst.

Svindlarane har vorte meir profesjonelle, og folk lèt seg lure. Derfor åtvarar Vipps no mot ein meir oppsøkjande svindelmetode kalla «spoofing».

I denne metoden skjuler svindlarane seg bak eit falskt telefonnummer, der det kan sjå ut som at du blir ringd opp av til dømes politiet eller Økokrim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein svindelmetode i kraftig vekst. Vi ser at svindlarane stadig blir meir proffe og truverdige i åtferda si. Dette er ei skremmande utvikling, og dessverre er det ofte eldre menneske som blir lurte, seier Silke Øverby, som er ansvarleg for risikostyring og compliance i Vipps.

Svindlarane prøver ofte å skape eit stress hos offera, for å få dei til å overføre pengane ein annan stad. Øverby er tydeleg på at verken politiet, banken eller Vipps vil be deg om å vipse pengane dine nokon stad.

Over 1000 Vipps-brukarar tek kontakt kvar einaste månad fordi dei har vorte svindla eller utsette for svindelforsøk, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

– Det er alltid leitt når nokon har vorte svindla. Eg kan ikkje understreke nok at alle må vere svært varsame viss dei blir kontakta av ukjende, eller personar som påstår å representere Vipps, banken sin eller andre selskap, fortel Øverby. (©NPK)