Frigjerings- og veterandagen 8. mai på Nordfjordeid

8. mai er dagen vi feirar vår fridom og heidrar alle våre veteranar og deira innsats for Noreg. Tradisjonen tru vert det felles markering for Nordfjord på Nordfjordeid. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på markeringa. Ein særskild invitasjon går til veteranar frå internasjonale operasjonar.

8. mai er dagen for å heidre alle veteranar, og veteranfamiliar, frå andre verdskrigen og fram til dei internasjonale operasjonane i dag. Etter andre verdskrigen har over 100 000 nordmenn tenestegjort i nesten hundre ulike internasjonale operasjonar i over 40 land i fire verdsdelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sentrum for den lokale markeringa på Nordfjordeid står Sørgende Mor, minnesmerket over dei falne i 2. verdskrigen frå Nordfjord. Ved Sørgende mor vil ordførar i Stad, Sigurd Reksnes, halde tale for dagen på vegner av Nordfjord-kommunane. I tillegg vert det appellar og blomeseremoniar.

8. mai er også den internasjonale Røde Kors dagen. 100-års jubilant Eid Røde Kors har fått med seg distriktsleiar i Røde Kors Sogn og Fjordane, Synnøve Sande, til å markere dagen. Eid Musikklag står tradisjonen tru føre den musikalske delen av markeringa.

Arrangementet startar med opptog/defilering frå Eid kyrkje, gjennom gata, til markeringa på Eksersisplassen. I forkant av markeringa har mange lag, foreiningar, Malakoff Rockfestival, Eidarussen 2024 og engasjerte einskildpersonar lagt ned eit stort tal dugnadstimar for å gjere Eksersisplassen klar til frigjerings- og veterandagen og alle dei andre arrangementa som skal vere der denne sommaren.

Dette omfattande dugnadsarbeidet er leia av Plassens Venner. Det er også Plassens Venner som står føre den trivelege festen etter markeringa ved Sørgende Mor. I og ved dei gamle husa på Eksersisplassen vil det vere festdekka bord for sosialt samvere. Alt ligg til rette for ei flott markering i vakre omgjevnader.

Arrangørane reknar med at mange store og små vil bli med å markere frigjerings- og veterandagen. Vel møtt!

Arr.: kommunane i Nordfjord