– Provokasjon mot norsk matproduksjon

– Tilbodet frå regjeringa tek ikkje inn over seg den alvorlege økonomiske situasjon som distriktsjordbruket står oppe i seier leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde.

Staten la tysdag fram sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

– Det er i mine auge eit skambod og dårleg svar på jordbruket sitt krav om å styrke inntektene og legge til rette for naudsynt utvikling og fornying av driftsapparatet i landbruket, held Felde fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er provoserande

– Nok ein gong baserer staten seg i tilbodet sitt på at den norske matprodusenten må springe fortare og fortare for å vere i nærleiken av same prosentvise utvikling i inntekt som andre yrkesgrupper. Det er provoserande at regjeringa ikkje ser større trong for å styrke økonomien i norsk matproduksjon gjennom å tette inntektsgap til andre yrkesgrupper. Vi klarer rett og slett ikkje å springe mykje fortare. Resultatet vert endå færre matprodusentar og areal som går ut av produksjon i distrikt som Vestland, konstaterer Anders Felde.

Han meiner taparane i årets tilbod er dei arbeidskrevjande grasbaserte husdyrproduksjonane, som ein er heilt avhengig av å sikre økonomisk vekst om ein skal kunne utvikle driftsbygningar og arealbruk i Vestland.

– Tilbodet er heller ikkje mykje å skryte av for produksjon av egg- og svinekjøt, medan frukt-, bær-, potet- og grønsaksproduksjonen kjem noko betre ut i tilbodet. Når det er sagt, mister grøntnæringa den nasjonale satsinga på investeringar. Denne vert tilbakeført som ei regional ordning, og det rår stor uvisse på kva utslag dette vil få for Vestland sin pott til investeringar, seier bondelagsleiaren.

Ikkje satsing på mindre fjøs

I jordbruket sitt krav vert det lagt opp til ein fleirårig investeringspakke for å møte kravet om lausdrift for alle storfe frå 2034.

– Regjeringa har ikkje sett av éi krone ekstra til investeringar i fjøs. Det provoserer oss i Vestland Bondelag kraftig. Dei forstår ikkje, eller vil ikkje forstå, kor viktig dette er for å sikre framtidig arealbruk til produksjon av mat i fylke som Vestland, seier ein svært tydeleg Anders Felde.

– I realiteten vil dette vere ei nedbygging av små og mellomstore bruk og areal ut av drift i heile landet, men særleg i Vestland, held han fram.

Jordbruket sitt forhandlingsutval vil i dagane som kjem gå grundig gjennom tilbodet for å vurdere om dette gjev grunnlag for vidare forhandlingar.