POPULÆRT: Sjølv om det blir færre utanlandske turistar i år, reknar Norled med stor tilstrøyming av nordmenn som vil reisa med hurtigbåt i Hardanger og mellom Bergen og Flåm. Foto: Tom Gulbrandsen.

Populære turistbåtruter opnar igjen

Etter utsett opning på grunn av korona, opnar no turistbåtane med hurtigbåt i Hardanger og mellom Bergen og Flåm.

Onsdag gjekk første avgang både på ruta Bergen-Flåm og på Norheimsund-Eidfjord i Hardanger.

– Dette er ein dag vi har gledd oss til. Fartøya er klare og mannskapa har venta lenge på å koma i gang. Vi veit at det blir færre utanlandske turistar i år på grunn av koronasituasjonen, men reknar med ein stor auke av norske turistar som vil oppleva flotte fjell og fjordar, seier regionsjef hurtigbåt Bjørn Egil Søndenå i reiarlaget Norled i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge dei to rutene er svært populære turistruter og har ifylgje reiarlaget hatt stor trafikkauke dei siste åra.

– Sjølv om talet på utanlandske gjester i år er avgrensa, reknar vi med høgt belegg på rutene sidan fleire nordmenn kjem til å feriera i eige land, seier Søndenå.

Han forsikrar at reiarlaget vil følgja alle reglar om smittevern slik at både passasjerar og tilsette skal kjenna seg trygge. Regionssjefen legg til at fartøya dessutan er store og romslege og at det vil vera god plass og trygg avstand mellom dei reisande.

Begge rutene har daglege avgangar fram til 30. september.

(©NPK)