Polititenestemann må møte i retten

Politimeisteren i Møre og Romsdal har sikta ein 28 år gammal polititenestemann for promillekøyring etter eit trafikkuhell i Stad kommune 20. juni 2020.

Samtidig er han sikta for å ha nytt alkohol etter eit trafikkuhell han måtte forstå kunne leie til politietterforsking.

Mannen er også sikta for brot på vegtrafikklova sine reglar om å ferdast omsynsfullt, vere aktpågivande og varsam. Vidare omfattar siktinga brot på reglane i vegtrafikklova om å varsle politiet om trafikkuhell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Saka er no oversend Sogn og Fjordane tingrett med oppmoding om behandling som tilståingssak, seier politiadvokat Jan Roar Gidske i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Polititenestemannen var ikkje i teneste då trafikkuhellet skjedde.

Politimeisteren i Møre og Romsdal blei oppnemnd som setjepolitimester i saka, fordi 28-åringen er tilsett som tenestemann i Vest politidistrikt.

To personar som var passasjerar i bilen då trafikkuhellet skjedde, er utanfor mistanke i straffesaka.