Korona og reiserestriksjonar har gjort det vanskeleg å skaffa utanlandske sesongarbeidarar til skogplanting. Eit fleirtal i næringskomiteen på Stortinget har bestemt at skogpantinga skal reddast gjennom å rekruttera ungdom til å få plantene i jorda og eit tilskot på 1,50 kroner per plante. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Politisk kompromiss reddar millionar av skogplanter

Alle som driv med skogplanting i Noreg kan no pusta letta ut. Gjennom eit kompromiss mellom Ap, Frp, Sp og SV er det no fleirtal på Stortinget for å rekruttera ungdom til å få treplantene i jorda og løyva eit tilskot på 1,50 kroner per plante.

Dei fire partia fortel i ei felles pressemelding at dette blei bestemt blant eit fleirtal i næringskomiteen på Stortinget onsdag.

Skognæringa har til no vore sterkt uroa for at dei ikkje skulle få arbeidskraft til skogplantinga på grunn av innreiserestriksjonar for utanlandske sesongarbeidarar. I verste fall frykta dei at millionar av granplanter måtte kastast. No er målet at ungdom skal få opplæring og sikra at plantene kjem i jorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skognæringa ønskjer å ta i bruk norsk ungdom til å gjera arbeidet. Det gjev ein liten ekstra kostnad når mange nye no raskt skal rekrutterast og lærast opp i skogplanting. Men for samfunnet er det ei svært positiv investering: Millionar av skogplanter som elles kunne blitt kasta, blir no redda, samtidig som ungdom kan få arbeidserfaring, sjølvtillit og inntekt, seier Nils Kristian Sandtrøen (Ap), Sivert Bjørnstad (Frp), Geir Pollestad (Sp) og Torgeir Knag Fylkesnes (SV) i den felles pressemeldinga.

Dei fire partia ber om at regjeringa følgjer opp vedtaket i revidert nasjonalbudsjett etter modell frå i fjor, då skogplantinga blei redda av ei liknande ordning.

(©NPK)