Politiet frigjev namn på omkomen mann i Stryneelva

Det var 32 år gamle Røgnvaldur Tor Gunnarsson som vart funnen omkomen i Stryneelva fredag 15. desember.

Røgnvaldur Tor Gunnarsson er fødd på Island, men budde i Stryn.

Namnet blir gjeve ut i samråd med dei pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart søkt etter avdøde i to dagar før det blei gjort funn i elva. Familien ønskjer å takke alle leitemannskap som deltok; Stryn brann og redning, politiet og Røde Kors hjelpekorps ved lokalforeiningane Stryn, Olden, Vikane og Gloppen.

Det er ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd i saka.