Politiet åtvarar foreldre om overgriparar som tek kontakt med barn på sosiale medium, og ber foreldra følge med på kva barna deira gjer på internett. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Politiet åtvarar om nettovergrep mot barn

Politiet i Sogn og Fjordane har den siste tida sett mange overgrepssaker mot barn over internett, og oppmodar no foreldre om å følge med på kva barna gjer på nett.

Saker som omhandlar overgrep mot barn over nettet har vorte eit større problem dei siste åra, og dei siste seks månadane har politiet i Sogn og Fjordane oppretta 18 saker som omhandlar dette. No ber politiet foreldra om å følge med på kva barna gjer på nett, skriv avisa Firda.

Det er gjennom sosiale medium som Instagram, Snapchat, Tiktok og Facebook og gjennom populære spel over internett, som til dømes Fortnite, at potensielle overgriparar opprettar kontakt med barn. I tingretten ser dei døme på at overgripar bygger opp tillitsforhold som gjer at dei lettare påverkar barna til å utføre seksuelle handlingar, eller til å avtale eit møte, forklarer påtalesjef Lisa Refsnes. Ho oppmodar foreldre om å følge med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi får ein jamn straum av slike saker heile tida. Det vi mellom anna har sett den siste tida, er at fleire saker omhandlar unge barn ned i ni års-alderen og at det vert chatta mykje på engelsk, noko som er nytt. Det syner at dette er ein kriminalitet som spreier seg utanfor grensene, seier Refsnes til Firda.

(©NPK)