Pengar til visningssenter ligg ikkje inne i budsjettforslaget

Fylkesutvalet i Vestland har lagt fram forslaget sitt til budsjett for 2026, og der er det ikkje sett av pengar til nytt visningssenter i Astruptunet. 

Publisert Sist oppdatert

Det melder NRK

Sunnfjord kommune har sikra store delar av finansieringa av det lenge etterlengta visningssenteret på Sandalsstrand gjennom eigen innsats og støtte frå både Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen DNB. 

Dei to stiftingane gjekk i sommar inn med totalt 40 millionar kroner. I tillegg vil regjeringa løyve 31,9 millionar kroner til tiltaket over neste års statsbudsjett. 

Totalkostnaden er rekna til rundt 130 millionar kroner, og fylkeskommunen si støtte på 18,5 millionar er avgjerande for å få fullfinansiert prosjektet.

– Vi treng ei forplikting frå fylkeskommunen at dei stiller seg bak sin andel, slik at vi kan starte opp neste år, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling til allmennkringkastaren. 

Viss ikkje alle midlane er på plass, er ho bekymra for at ein ikkje får ferdigstilt senteret til 100-årsjubileet for Nikolai Astrup i 2028. Då er det 100 år sidan den verdskjende kunstnaren gjekk bort. 

Vestland fylkeskommune sitt budsjett for 2026 skal vedtakast av fylkestinget på møtet 9.-10. desember. 

Powered by Labrador CMS