Pelsdyrforbod kan bli klart før sommaren





Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) ønskjer å få på plass eit lovforslag mot pelsdyroppdrett allereie i vår.





Høyringsperioden for avvikling av pelsdyrnæringa er over, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad jobbar no med å gjennomgå alle svara. Totalt har det kome inn 343 høyringssvar, skriv Nationen.





Bollestad håper å få på plass eit lovforslag om avvikling av pelsdyrnæringa i vår.





– Det er stort engasjement rundt dette, så eg vil få det gjort og ikkje hale ut tida. Eg har snart lese over 330 høyringssvar, og det er jo som ein liten bibel. Det er innlegg med stor og lita skrift. Det er ikkje teke stilling til når saka skal fremmast i Stortinget, men høyringsfristen er sett slik at det skal vere mogleg å fremme saka i vårsesjonen 2019, seier Bollestad.





Forslaget om avvikling av pelsdyrnæringa vart vidareført frå Jeløya-plattforma i fjor då Høgre, Frp og Venstre i januar forhandla med KrF om ei ny regjeringsplattform. Dermed har det fleirtal i Stortinget.





Forslaget har fått mykje kritikk, og summen pelsdyroppdrettarane skal få i erstatning har mellom anna vore eit tema. Bollestad kan ikkje så langt seie noko om kva konsekvensar høyringssvara vil få for lovforslaget som det skal stemmast over.





– Vi går grundig gjennom og vurderer alle høyringssvara, men det er for tidleg å seie noko om kva for endringar som blir gjort som følgje av dei mange innspela som er komne, seier Bollestad. (©NPK)